Forskingsprosjekt
Senter for vitskapsteori (SVT) leier og deltek i ei rekke større og mindre forskingsprosjekt.
Hovedinnhold
SVT har dei siste åra lukkast med å hente inn eksterne forskingsmidlar, og nedanfor finn du informasjon om våre noverande prosjekt, prosjektleiarar og finansieringskjelder- og program.
Klikk på prosjektet for meir informasjon.
- Tidlegare prosjekt SVT har leia/delteke i finn du i Avslutta prosjekt.
Europeisk rammeprogram (Horisont 2020)
Excellent Science
Under pillaren Excellent Science har SVT eitt prosjekt innanfor Det Europeiske Forskingsrådet (ERC): CALENDARS. ERC sitt hovudmål er å fremje forsking av høg kvalitet i Europa gjennom å investere i dei beste forskarane og dei beste ideane. SVT har vidare eitt prosjekt innanfor Marie Skłodowska Curie Actions (MSCA) Individual Fellowships – lønns- og mobilitetsmidlar for forskarar som vil fremje karrieren sin med eit utanlandsopphald: CANALS. SVT har også ein SEAS-postdoktor under Marie Skłodowska Curie Actions (MSCA) COFUND. COFUND har som føremål å stimulere regionale, nasjonale eller internasjonale program som skal fremje kvalitet i forskarane si utdanning, mobilitet og karriereutvikling, samt dele dei beste føredømene blant Marie Skłodowska-Curie-prosjekt.
Science with and for Society (SwafS)
Science with and for Society (SwafS) i H2020 hadde som mål å bygge eit effektivt samarbeid mellom vitskap og samfunn, å rekruttere nye akademiske talent og kombinere framifrå forsking med sosialt medvit og samfunnsansvar. SVT har per dags dato eitt pågåande forskingsprosjekt under SwafS: SUPER MoRRI.
Scott Bremer | CALENDARS | ERC Starting Grant
Prosjekt: Co-production of Seasonal Representations for Adaptive Insitutions
Prosjektleiar: Scott Bremer
Prosjektperiode: 2019 – 2024
Simon Meisch | CANALS | MSCA European Fellowship
Prosjekt: Changing Water Cultures
Prosjektleiar ved SVT: Simon Meisch
Prosjektperiode: 2021-2023
Aistė Klimašauskaitė | SEAS | MSCA COFUND
Prosjekt: Shaping European Research Leaders for Marine Sustainability (SEAS)
Postdoktor ved SVT: Aistė Klimašauskaitė
Prosjektperiode: 2022-2027
Kjetil Rommetveit og Roger Strand | SUPER MoRRI | SwafS-2018-1
Prosjekt: Scientific Understanding and Provision of an Enhanced and Robust Monitoring system for RRI
Prosjektleiarar ved UiB: Kjetil Rommetveit og Roger Strand
Prosjektperiode: 2019-2023
Noregs forskingsråd (NFR)
Noregs forskingsråd fordeler årleg ti milliardar til forsking og innovasjon som bygger kunnskap for ei berekraftig framtid og møter dei store samfunnsutfordringane.
Prosjekt, senter og forskarskular med støtte frå NFR:
Kjetil Rommetveit | DIGIT | Forskerskole - FORSKSKOLE
Prosjekt: DIGIT: Den norske forskerskolen om digitalisering, kultur og samfunn
Prosjektpartner ved SVT: Kjetil Rommetveit
Prosjektperiode: 2022–2030
Kjetil Rommetveit | CoPol | Forskerprosjekt – SAMRISK
Prosjekt: Covid-19-kontaktsporing som digital politikk
Prosjektleiar: Kjetil Rommetveit
Prosjektperiode: 2021–2025
Kjetil Rommetveit | ASMOG | Kompetanse- og samarbeidsprosjekt - MAROFF-2
Prosjekt: ASMOG: Automatiseringsskiftet i maritim sektor og olje- og gassindustrien: vurderinger av risiko og sikkerhet, beskyttelse av arbeid
Prosjektpartner ved SVT: Kjetil Rommetveit
Prosjektperiode: 2021–2026
Mimi E. Lam | MENSA | Forskerprosjekt – MARINFORSK
Prosjekt: Managing Ethical Norwegian Seascape Activities
Prosjektleiar: Mimi E. Lam
Prosjektperiode: 2020–2024
Jeroen van der Sluijs | BeeCaution | FORSTERK
Prosjekt: Bees pesticides and precaution: building an epistemic network in Norway
Prosjektleiar: Jeroen van der Sluijs
Prosjektperiode: 2020–2022
Jan Reinert Karlsen | Neuro-SysMed: Nevrodegenerasjonens filosofi | Forskingssenter for klinisk behandling (FKB)
Prosjekt: Neuro-SysMed: Nevrodegenerasjonens filosofi
Prosjektleiar ved SVT: Jan Reinert Karlsen
Prosjektperiode: 2019-2027
Anne Bremer | AFINO | SAMANSVAR
Prosjekt: Ansvarlig forskning og innovasjon i Norge
Prosjektleiar ved SVT: Anne Bremer
Prosjektperiode: 2019-2024
Jeroen van der Sluijs | #LoVESeSDG | MILJØFORSK
Prosjekt: Localizing the 2030 Agenda for Sustainable Development for the Barents Sea-Lofoten ecosystem in a changing climate
Prosjektleiar ved SVT: Jeroen van der Sluijs
Prosjektperiode: 2019-2024
Roger Strand | CCBIO | Senter for framifrå forsking (SFF)
Senter: Centre for Cancer Biomarkers
Forskingsleiar ved SVT: Roger Strand
Senterperiode: 2013-2023
Andre finansieringskjelder
SVT er involvert i eitt samfinansiert prosjekt:
SeMPER-Arctic er finansiert av The Belmont Forum, ei samling av finansieringsorganisasjonar, internasjonale vitskapsråd og regionale konsortia dedikert til tverrfagleg forsking. Forskingsråd i Frankrike, Noreg, Russland, Sverige og Nederland sponsar prosjektet.
Anne Bremer | SeMPER-Arctic | The Belmont Forum: Arctic2019 – Science for Sustainability
Prosjekt: SeMPER-Arctic: Sense Making, Place attachement, and Extended networks as sources of Resilience in the Arctic
Prosjektleiar ved SVT: Anne Bremer
Prosjektperiode: 2020-2023