Home
Faculty of Psychology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Forsker Grand Prix

Å vere tydeleg om forskinga er krevjande

Olin Blaalid Oldeide deltar i årets Forsker Grand Prix-konkurranse saman med fleire andre stipendiatar frå utdanningsstadene i Bergen.

Olin B. Oldeide, Det psykologiske fakultet
– Det er viktig å bidra til rusfeltet med forsking frå eit helsefremmande felt slik at ein også ser på ressursane til ungdommane, seier Olin Blaalid Oldeide, stipendiat, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Universitetet i Bergen.
Photo:
Andrea Magugliani, UiB.

Main content

Olin Blaalid Oldeide, stipendiat, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Universitetet i Bergen,​​​​​​ er deltakar i Forsker Grand Prix i Bergen.

Kva har du forska på og kvifor?

Eg forskar på korleis ein kommune arbeidar rusførebyggande. Ved å følgje politikken frå øvste hald blant politikarar og byråkratar til korleis det vert forstått av folk som arbeider tett på ungdommar i risikosonene, og ikkje minst av ungdommar sjølve.

Kvifor ville du vere med i Forsker-GP?

Eg vil øve på å kommunisere tydelegare det eg har brukt årevis på å studere utan å anten bli for teknisk eller banalisere. Og fordi gruppa med ungdom som eg har hatt fokusgrupper med er det mange som meiner mykje om, men få som har snakka med for å få deira perspektiv.

Kva har du lært av å vere med i førebuingane til Forsker–GP?

Eg har lært at jo tydelegare du er i kva du ynskjer å formidle, dess mindre rom er der for misforståingar. Som forskar så har eg vegra meg litt for å ha kontakt med media i frykt for å skape misforståingar, men gjennom Forskar Grand Prix ser eg at eg kan unngå misforståingar ved å vere så gjennomtenkt og tydeleg i kva eg ynskjer å formidle. Og at å vere tydeleg krev mykje arbeid!

Kvifor er det viktig å forske på dette?

Det er viktig å bidra til rusfeltet med forsking frå eit helsefremmande felt fordi det er naturlig nok dominert av eit risikofokus. Mi forsking viser at ungdommane som har problem trenger å møte nokon som ikkje berre fokuserer på risiko og problem, men også ser på ressursane deira og ser dei som heile mennesker. I tillegg er det viktig å sjå på korleis heile kommunen samhandlar om rusførebygging. For til sjuande og sist er det eit fellesansvar som krev samordna innsats frå alle delar av kommunen.

Deltakarar

I Bergen stiller ni unge forskarar (lenke), og ei av dei andre, Marit Larsen, høyer og til på Det psykologiske fakultet som stipendiat ved Institutt for helse, miljø og likeverd, UiB. Deltakarane har øvd seg i fleire månader og gler seg til å overtyde publikum med sitt prosjekt. Kanskje kjem ein av dei vidare til den nasjonale konkurransen?