Home
Centre for Women's and Gender Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Regnbogedagane i Bergen 2020

Skeive perspektiv på SKOK

Det er tid for Regnbogedagane 2020, og i forskinga og undervisninga til Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) kan du finne mange spennande perspektiv relatert til programmet i år.

Regnbogefargar
Photo:
Steve Johnson/Unsplash

Main content

Sjølv om regnbogedagane i Bergen blir noko annleis i år på grunn av pandemien, blir dei likevel markerte med brask og bram som digital festival 4. til 6. juni. Temaet er «From Lockdown to Lovedown» og skildrast slik:

While lockdown meant distance and loneliness, our lovedown will offer you community, knowledge, entertainment and love directly from our pride studio to where you are!

Skeive perspektiv er inkludert i sjølve grunnforståinga av korleis vi tenker på kjønn i Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) si forsking og undervisning, og innsikt i arbeidet til senteret kan dermed gi ein ekstra dimensjon til kunnskapsbiten av programmet til Regnbogedagane i år.

Skeiv historieforsking

Onsdag 4. og fredag 6. juni arrangerar Regnbogedagane i Bergen to førelesingar om Bergen si skeive historie, og dersom du vil lære meir om skeive linjer i norsk historie frå norrøn tid til i dag kan du lese boka med same namn, skrive av førsteamanuensis i humanistisk kjønnsforsking ved SKOK, Hanne Marie Johansen. Før denne boka kom ut var det inga samla historie om det skeive i Noreg.

Bok om skeiv historie i Noreg skapte debatt

Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. Boka fekk gode meldingar i Forskerforum og Tidsskrift for kjønnsforsking. Johansen sette også i gang ein debatt i Klassekampen i juni 2019 med sitt innlegg Politiet erkjenner feil mot homofile. No er det kyrkja sin tur!, der både teologar og representantar frå kyrkjerådet kom på bana.

Transseksualisme i eit historisk perspektiv

Vitskapleg assistent ved SKOK, Sigrid Sandal, har også bidrege med viktig nybrottsarbeid innan historisk forsking med si masteroppgåve om transseksualisme frå 2017. Oppgåva undersøker korleis norske legar, juristar og Helsedirektoratet har tenkt om og behandla genuin tranvestisme/transseksualisme i perioden 1952-1982, og blei tildelt Skeivt Arkiv sitt masterstipend i 2016. Før denne oppgåva hadde det knapt blitt forska på historisk transseksualisme i Noreg. I 2019 presenterte Sandal oppgåva si på eitt av Skeivt Arkiv sine OUTing the Past-arrangement. Eit spesifikt perspektiv på transtematikk kan ein også finne i Regnbogedagane sitt program gjennom visninga av dokumentarfilmen «Coming out – searching for freedom» om den libanesiske transkvinna Jija.

Anti-genderism på frammarsj

I programmet til Regnbogedagane er det ein planlagt samtale onsdag 4. juni om situasjonen for LHBTQI+-personar i Polen, som stadig vekk blir forverra. I Sentral- og Aust-Europa er «anti-genderism» på frammarsj; noko som blant anna manifesterar seg i angrep på skeive og deira rettar, samt motstand mot kjønnsforsking- og studiar.

SKOK-professor om anti-genderism

Professor ved SKOK, Randi Gressgård, skriv om blant anna anti-genderism i sitt essay Politisk korrekthet, identitetspolitikk og ytringsfrihet i Tidsskrift for samfunnsforsking. Gressgård er også medredaktør for eit spesialnummer av tidskriftet Intersections: East European Journal of Society and Politics (IEEJSP) med temaet "Struggles over Europe: Post-colonial East/West dynamics of race, gender and sexuality." I dette nummeret, som kjem i september i år, bidreg ho med to artiklar,  samforfatta med Rafał Smoczynski og Nadya Husakouskaya, som begge tek opp anti-genderism; blant anna i Polen.  Gressgård har elles mange publikasjonar bak seg om tema som aseksualitet, transseksualitet og islam og homoseksualitet.

Skeive perspektiv hos andre SKOK-forskarar

Gressgård er i tillegg rettleiar for Dinara Yangeldina, som skriv doktorgrad på SKOK om korleis interseksjonelle feministiske diskursar rører seg på tvers av landegrenser og korleis desse vert brukt, forma og implementert i russisktalande feministiske nettforum. Yangeldina skreiv i sin mastergrad i kjønnsstudiar ved Central European University i Ungarn om digital moralaktivisme og anti-LHBTQI+-aktivisme i russisktalande medier.

Postdoktor ved SKOK, Redi Koobak, rettleiar også Yangeldina i hennar doktorgradsarbeid, og Koobak har sjølv utforska skeive perspektiv i si forsking. Doktorgradsavhandlinga hennar frå 2013, Whirling Stories: Postsocialist Feminist Imaginaries and the Visual Arts, ser på kunsten si rolle i å unnfange og rekonfigurere postsosialistiske feministiske tankestrukturar ved å fokusere på den djupt personlege og politiske kunsten til Anna-Stina Treumund, ein feministisk, estisk kunstar som identifiserte seg som lesbisk. Kunstnaren døydde diverre i 2017, og Koobak skreiv ein nekrolog i høve dødsfallet. Koobak publiserte nyleg ein artikkel om avhandlinga si i boka  “Borderland in European Gender Studies. Beyond the East-West Frontier” (2019).

Skeive perspektiv i undervisninga ved SKOK

Ved SKOK er skeive perspektiv noko av det første studentane møter på introduksjonskurset, og desse vidareførast også gjennom dei andre emna i bachelorgraden og årsstudiet. I år har dessutan studentane på KVIK101 - Kjønn i det moderne - fått utdelt ei mappeoppgåve der dei blir bedt om å diskutere styrker og svakheitar i SAIH si kampanje om den globale anti-gender-rørsla og angrepa på akademisk fridom, Domino-effekten. I tillegg inngår skeiv historie i emnet KVIK 102 - Likestilling og mangfald, der Johansen si bok om skeive linjer i norsk historie er pensum.